Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Sengetøysett 140x220


2.100,-
Antall:

Sengetøy i lin er en helt egen opplevelse. Varmt om vinteren og svalt på varme sommerdager. Lin har bakteriehemmende egenskaper som gjør at det egner seg svært godt til sengetøy. Sengetøyet fra GodLin er produsert i solid llinkvalitet som du trenger mer enn en generasjon på å slite ut. I tillegg blir det bare mykere og mykere med årene. Sengetøyet kan vaskes på 60 grader i mildt såpevann. Preodusenten anbefaler såpenøtter. norskprodusert på Flatraket.

Sett med dynetrekk 140x220 og putetrekk 70x 50 leveres i linpose.

God lin

God lin


Om oss

Vi held til på Flatraket, ei lita bygd i vakre Nordfjord på Vestlandet. Her syr og strikkar vi varene du finn i nettbutikken. Noko produksjon foregår også i Bergen, sidan Vibeke held til der for tida.

 

Ingunn Vetrhus Kroken

Ingunn Vetrhus Kroken
Ingunn, gründeren bak Godull

Ingunn er gründeren bak Godull. Ho starta bedrifta den gongen renta på etablererlån var 18% og bankmenn ikkje hadde den heilt store trua på kvinnfolk i business. Likevel fekk ho dreisen på det, og er den som har stått for den faktiske produksjonen heile tida. No er produksjonen av ulltøyet flagga ut til England som eit prøveprosjekt, men teppa er det Ingunn som har første og siste hand på.

 

Vibeke Kroken

Vibeke Kroken
Vibeke, ull- og linavhengig

Som dotter av Ingunn har Vibeke naturleg nok vakse opp med ullprodukta og brukt dei frå første dag. Ho har difor blitt avhengig brukar av alt ulltøy som har kome frå produksjonen til Ingunn, både av undertøy og tepper.

Vibeke er den som har drege lintøyet inn i firmaet. Det skjedde etter ein Homestay-tur til Oslo, der fire overnattingar i nydeleg, solid baltisk lin på ein sofa i Prinsens Gate gav meirsmak. Endeleg hadde ho funne det sengetøyet ho hadde leita etter, men det var ikkje å oppdrive nokon stad i landet. Då vart løysinga å produsere det sjølv, og det vil ho gjerne dele med alle.